Har geopolitikk og sikkerheit blitt viktigare for europeiske universitetsalliansar etter utbrotet av krigen i Ukraina 24. februar 2022? Det var spørsmålet vi (Susanna og Lene) blei satt til å undersøke i dette forskingsprosjektet. Vi studerer begge master i statsvitskap og leiing ved universitetet i Agder. Lene er på sitt første år av masterløpet, medan Susanna er på andre året.
Europeiske universitetsalliansar er ein del av eit leiande initiativ EU har for universitet. Ideen kom i 2017, og målet var å stryke transnasjonalt samarbeid, integrasjon og konkurransekraft innafor høgare utdanning. Initiativet starta som ein pilot i 2019 med 17 alliansar. Sida den tid har mandatet endra seg, og alliansane har blitt større og fleire. I dag er det etablert 73 slike alliansar med til saman 650 deltakande universitet.
Tanken bak prosjektet var å undersøke korleis universitetsalliansane har utvikla seg over tidsperioden dei har eksistert, og om nokon av endringane kjem av sikkerheits- eller geopolitiske omsyn. Endringane vi var interesserte i var medlemsskap, altså kva for nokre universitet som har blitt ein del av alliansane i løpet av tidsperioden, og i strategiske dokument. For å finne ut av dette skulle vi gjennomføre innhaldsanalyse av dei strategiske dokumenta til seks universitetsalliansar. Alliansane vart strategisk valt ut, og bestod av fire standardcase og to kontrollcase. Standardcasane sine medlemsuniversitet låg nærmare grensa mot Russland enn kontrollcase, og hypotesen var at dei ville vere meir opptatt av geopolitikk og sikkerheit enn kontrollcasane.
Oppgåva vår var å samle inn strategiske dokument frå universitetsalliansane, og gjennomføre kvalitative innhaldsanalysar for å finne endringar over tid. For å hjelpe med dette utarbeida prosjektleiarane nokre søkeomgrep vi skulle søke etter i dokumenta, og vi vart oppfordra til å bruke kunstig intelligens for å gjennomføre analysane. Funna våre bar preg av at dei eldre strategiske dokumenta var kortare enn dei nyare, noko som gjorde at det var fleire funn blant dei nye, men det var vanskeleg å konstatere at auka merksemd på geopolitikk og sikkerheit var den forklarande variabelen. I tillegg fann vi ikkje noko evidens for at standardcasane var meir opptatt av geopolitikk og sikkerheit enn kontrollcasane.
Då vi rapporterte om desse funna til prosjektleiarane endra dei forskingsdesignet. Det vart både utarbeida nye, meir universitetsspesifikke søkeord, og det skulle gjennomførast intervju med Forthem. som UiA er medlem av, men som ikkje var ein av alliansane vi undersøkte originalt. Vi var med i to intervju, og var med og diskuterte i etterkant kva funn som kom fram i intervjua, og korleis det kunne brukast vidare i prosjektet.
Det vi har fått ut av prosjektet er kort sagt praktisk erfaring med forsking. Det har vore svært lærerikt å jobbe tett på korleis forskarar arbeider med prosjekt, spesielt når forskingsdesignet må reviderast undervegs i prosjektperioden. Det har også vore tematisk spennande. Sikkerheit og geopolitikk er eit svært aktuelt tema, og det har vore svært lærerikt å få innsikt i korleis det påverkar universitetsalliansane. Då det ikkje kom så mykje fram frå dokumenta, var det desto meir interessant å vere med å intervjue sentrale personar i universitetsalliansane, og på den måten få tilgang til kunnskap som ikkje kjem fram i strategiske dokument.
Arbeidet med dokumentanalysane viste også metodiske utfordringar. Dei ulike strategidokumenta var ikkje alltid samanliknbare, både i lengde, innhald og til dels funksjon. Det geopolitiske innhaldet i strategidokumenta var ofte indirekte og kunne tolkast på ulike måtar. I tillegg kunne søkeord som “resilience” og “threats” omhandle alt frå IT-sikkerhet til klimaendringar. Kunstig intelligens kunne i tillegg tolke semantiske treff som geopolitiske funn, sjølv om det kunne indikere noko anna i samanhengen. Det blei dermed viktig å skilje mellom eksplisitte og semantiske treff.
