Praktisk teaterhistorie og teaterteori

462571171_1071659881095440_2648855379540859158_n.jpg

Praktisk teaterhistorie og teaterteori

Kven: To andreklassestudentar held workshop for førsteklassestudentar.
Kvar: Teaterstudio, GU 038
Når: tre onsdagar, fire timar per gang

Hensikta med forskningsprosjektet er å finne undervisnings og læreingsformar som er studentaktive, og korleis studentane kan tileigne seg kunnskap om teaterhistorie og teaterteori gjennom praktiske øvingar. Me delte dei tre dagane inn i tre ulike workshops, der kvar dag hadde ein eigen epoke. Me starta med realisme, andre gong modernisme og til slutt postmodernisme.

Dette gjorde me:
– Oppvarming
– Skriving på felles tankekart
– Hot seat
– Bordanalyse- lesing av manus
– Korte presentasjonar
– Studentresearch
– Studentoppgåve- lage ei visning til kvar epoke

Me tilpassa opplegget til dei ulike epokane me arbeidde med, men strukturen ellers var ganske lik. På starten av kvar økt skreiv me felles tankekart for å aktivere kunnskapen studentane hadde frå før, og for å rette fokus på det workshopen skulle handle om. Val av øvingar vart tatt basert på eigne erfaringar og tankar om kva som kunne eigne seg til bruk i praktiske øvingar om teaterhistorie/ teori. Me hadde fokus på å gje dei eit lite innblikk i kvar epoke og teaterteori, og at studentane sjølv måtte gå i djupna på det me hadde presentert og vidare forståing av epoke og teori, for så å setje det ut i praksis gjennom visningar. Studentane vart i kvar workshop delt inn i mindre grupper kor dei skulle samarbeida om å lage ei lita visning. Visninga var knytt til ulike tema. I realismeworkshopen fekk dei utdelt eit lite utdrag frå «Gjengangere» av Henrik Ibsen der dei skulle skape att scenen så nært realismen som mogleg. I modernismeworkshopen fekk dei utdelt ein «isme» og ein sjølvskriven tekst der dei skulle lage eit uttrykk som reflekterte ismen. I postmodernismeworkshopen fekk dei ein teaterfornyar frå 1980 til vår tid som dei skulle la seg inspirera av og skape ei visning. Eit ønskje me hadde var å gi studentane verktøy dei kan ha bruk for i vidare emner på studiet. Til dømes presenterte me skodespelarteknikkar frå Stanislavskij som kan vera relevant for studentane i emnet «Spille» til våren.

Studentane har tidlegare hatt teoretisk undervisning om epokane med faglærar, men fekk det no praktisk gjennom desse tre workshopane. Tilbakemeldingane frå studentane har vore svært positive. Dei har sagt at dei lærer på ein anna måte, og å få kunnskapen både teoretisk og praktisk gjere at den sit betre. Studentane har sett pris på å få arbeide i grupper og lage små visningar kvar gong