Det vesle arbeidet bak kulissene til runologisk innsikt

I høve til publikasjonen av samlinga “From Rök to Hole and back: New discoveries and new insights into Germanic language history” (Michael Schulte og Robert Nedoma, under utgjeving) fekk eg vera med i prosessen bak kulissene til dette innsiktsfulle nye bidraget til runologien og germansk språkhistorie. Mitt namn er Bjørnar Seljeskog, eg er nordisk masterstudent ved UIA og skriv masteroppgåve om nordisk språkvitskap, nærare om sørvestlandske og islandske konsonantutviklingar.

Prosjektet omhandlar generelt nye bidrag til runologien frå nye funn i tillegg til innsikter i Nordens allereie eksisterande runeforsking. Dette byrja med eit symposium i Uppsala i 4-5 november 2024, der eg sjølv fekk delta, og har no utvikla seg til ei utgjeving av ei boksamling med tittelen nemnt ovan. Mi oppgåve i dette store arbeidet har vore å skrive ein index, altså ei ordliste med ord og former i ulike språk, både utdøyde og dagens moderne språk. Dei nye runefunna ved Holesteinen i Noreg, også kalla Svingerudsteinen etter lokale namn, har vekt nye tankar i forskinga. Både Hole og den velkjente Rök-steinen i Sverige har blitt ein del av tittelen til samlinga. Innskriftene på steinen har blitt arkeologisk datert til rundt år 1 – 250 evt. pga. tilknytte funn, blant anna beinrestar, noko som gjer han til det eldste runesteinfunnet nokon gong (Historisk Museum, 2024).

Holeinnskriftene inneheld særleg ei form som Schulte vidare har forska på. Denne forma les runologane som fāhidō, røft omsett til farga eller laga, og er denne samanhengen knytt til personen som rissa runene. Forma blir sett på som eit belegg på ei tideleg monoftongering, altså når to vokalar blir til éin, i dette tilfellet ein lang vokal, der aih blir til āh (Schulte,2025-2026). Overgangen har fått Michael Schulte til å vurdera ei tidlegare datering av urnordisk, språket før norrønt, ettersom Hole-innskriftene som nemnt er daterte til seinast år 250 e.v.t.

For ein masterstudent, som korkje er stødig i alle desse språka heller ein ferdig utdanna språkvitar, er dette arbeidet både spanande og lærerikt. For meg har det vore med stor glede å kunna sjå korleis prosessen bak eit slikt bokprosjekt går føre seg, og i tillegg få bidra med det eg kan koma med.

Referansar
Schulte, Michael. «Die ältesten linguistischen Innovationen im Nordgermanischen.» Futhark: International Journal of Runic Studies 16-17 (2025-2026, publisert 2026) DOI: 10.33063/futhark.16

Schulte Michael & Robert Nedoma. under utgjeving. From Rök to Hole and back: New discoveries and new insights into Germanic language history = NOWELE: North-Western European Language Evolution Suppl. Ser. 35

Historisk Museum. 2024. Verdens eldste runestein. Universitetet i Oslo: https://www.historiskmuseum.no/utstillinger/utstillingsarkiv/verdens-eldste-runestein/index.html