I oppstarten av masterarbeidet, fekk eg tilbod om å delta med eit studentbidrag til forskingsprosjektet Hurtigspor U18. Forskingsprosjektet handlar om å redusere den samla tida frå straffbare handlingar er begått, til straffa er gjennomført, og rettar fokus på det tverretatlege samarbeidet om eit rettsleg hurtigspor for ungdom. Eg blei begeistra for mogelegheita til å bli med som student i forskingsprosjektet, då eg såg på prosjektet som viktig og lærerikt for samfunnet generelt, men også relevant for mitt framtidige arbeid med born og unge.
Mi oppgåve har fokusert på politiet sine erfaringar med bekymringssamtalen som eit førebyggande verktøy, og om kva skulen kan lære av desse erfaringane. I dette arbeidet har eg intervjua sju informantar i Agder politidistrikt. For å førebu intervjua lagde eg ein semistrukturert intervjuguide og eg førebudde meg på viktige prinsipp, som å formulere nøytrale spørsmål. Dei fyrste intervjua var prega av at eg haldt meir fast på intervjuguiden og den planlagde progresjonen, medan eg etter kvart blei flinkare til å vike vekk frå guiden, for å få fram viktige perspektiv og kunnskap som informantane sit med. I løpet av intervjua erfarte eg kva spørsmål som førte til refleksjon og innblikk i erfaringar, og kva spørsmål som resulterte i korte svar. Eg utvikla meg også personleg som forskar. Eg blei til dømes meir komfortabel med den nødvendige stillheita når informantane tenkte før dei svarte på spørsmål.
Å transkribere og analysere intervjua var tidkrevjande prosessar, særleg fordi eg ønskte å formidle informantane sine syn på ein så oppriktig måte som mogleg. Då eg blei betre kjent med materialet vart det også lettare å presentere analytiske funn.
Det har vore utruleg spennande å få vere med som student i eit forskingsprosjekt. Eg er takksam for moglegheita og sit igjen med gode erfaringar og betre innsikt i kva det vil sei å forske. Eg gler meg til å sjå det ferdige forskingsprosjektet!
